Laster Arrangementer

« Alle Arrangementer

  • Dette arrangement har allerede funnet sted.

Jon Hjørnevik

Jon Hjørnevik

11. juni 2022 @ 20:00 23:00

«Hjørnevik er Norges mest håreisande lyrikarhelt». Are Kalvø, komikar
 «Eg ler like godt kvar gong». Christine Hope, komikar

«Jon Hjørnevik er vår favorittdikter. Fordi han er morsommere enn de fleste i Norge. Med sine rare og ustyrtelig morsomme dikt». Stand Up Bergen

«Jon Hjørnevik er vår tids Rabelais, en breddeholder i norsk litteratur, som aldri trekker mot midten av den offentlige smak».  Thorvdald Steen,  forfatta

«Du kan ikkje leva av å lesa dikt». Mor til Hjørnevik

 «Fy faen så jævlig bra Hjørneviken». Full mann, frå Askøy

Jon Hjørnevik er dessverre frå Voss. Etter nokre hektiske morgontimar den 14.04.70 kunne jordmor Magnhild Undeland og mor hans ønskje Hjørnevik – heretter kalla forfattaren – velkommen til Voss fylkessjukehus. Far kunne ikkje vere til stades under fødselen. Det var ikkje vanleg den gongen at barnefaren var det. Forfattaren vaks opp under knallharde kår frå første dag. Det vart ein kamp der forfattaren tidleg viste seg å ikkje riktig strekke til. Han var svak i langrenn, svak i fotball og usikker i sitt møte med det motsette kjønn.

Det har likevel ikkje stått på innsatsen til forfattaren gjennom oppvekst, studietid og arbeidsliv. Men han har liksom aldri funne sjelero i noko der ute. Dette toppa seg då forfattaren sommaren 1999 vart tilsett som revisor i Kommunerevisjonen i Oslo. Han gjekk raskt inn i ein lang depresjon, som har sett djupe spor i forfattarskapen.

Forfattaren stakk frå sin revisorpost etter eit lite oppløftande år, og reiste verda rundt for å finne seg sjølv. Det gjorde han ikkje, og jula 2000 vart han tilsett som julenisse på Kløverhuset i Bergen. På same tid spela han kabaret saman med bestemora og ein sveitt kompis. Kabareten bar same namn som den første diktsamlinga hans, I ein sofa frå Korea, som på mange måtar oppsummerer eit turbulent og hardt forfattarliv.

Deretter har det vorte fleire diktsamlingar og halsbrekkande diktsamlingar: I ein sofa frå Koera, Den vanskelege andreboka, Shortsen til far min, Mor mi står i glaset, Flukta frå rekkehuset og Heimekontor i gravferda. 

kr500
smedasundet 66
Haugesund, Norge
+ Google-kart
91374740
Vis Sted nettside

Billetter

The numbers below include tickets for this event already in your cart. Clicking «Get Tickets» will allow you to edit any existing attendee information as well as change ticket quantities.
Billetter er ikke lengre tilgjengelig
Jon Hjørnevik